Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Lågen og fisken

For fiskeinteresserte er Suldalslågen kjent som ei storlakselv. Det blir og fiska innlandsaure. Det er ein urovekkjande tendens at det vert fanga mindre storlaks enn før.

Suldalslågen er eit nasjonalt laksevassdrag, Sandsfjorden ein nasjonal laksefjord.

Laksen er sikra.

Sesong for å fiske innlandsaure startar 1.mai, og sesong for laks opnar 10. juli. Sesongen varer fram til 30. september. Sjøaure er freda.

Økologisk tilpassing

Laks og aure (både sjøaure og innlandsaure) er dei dominerande fiskeartane i Suldalslågen, men også ål , trepigga stingsild og røye finst. Heile elva er fiskeproduserande og ein reknar med at elva har eit overskott av gyteområder for laks og sjøaure. Gode og svært gode gyteområder utgjer om lag 40 % av arealet i elva. Før dei store reguleringane gyte laksen og i dei store elvene som renn inn i Suldalsvatnet.
 
Frå naturen si side er Lågen ei vintervarm, sommarkald og næringsfattig lakseelv. Gjennom fleire tusen år har suldalslaksen tilpassa seg desse spesielle økologiske faktorane på fleire måtar. Eit særpreg er den seine oppgangen. I andre elver går gjerne laksen opp på forsommaren. I Suldalslågen går det meste av laksen opp i august og september. Årsaka ligg i det høgtliggjande nedbørsfeltet. Der smeltar snøen seint og gir difor høg vassføring og låg temperatur til ut på seinsommaren.
 
Tilsvarande foregår gytinga så seint som i desember-januar. Ikkje nokon annan laksestamme i Noreg gyter så seint, og yngelen kjem opp av grusen først i juni. Den kalde og næringsfattige elva gjer at tilveksten første sommaren er ein kritisk flaskehals for overleving. Dei fleste laksungane oppheld seg i elva i mellom 2 og 4 år før dei vandrar ut i havet om våren.

 

Eit særpreg med Suldalslågen er at laksen gyter først i desember/ januar. Bildet viser elva og klekkjeriet på Ritland. Her vert det forøvrig kvart år produsert omlag 50 000 smolt for utsetjing.

 

Frå storlaks til smålakselv?

Suldalslågen har aldri vore blant dei beste elvane i landet om ein målar etter kilo laks fiska på ein sesong. Lågen har derimot vore mellom dei beste når det gjeld gjennomsnittsvekt. Det er ikkje mengdene laks, men storleiken som er særmerkt for suldalslaksen. Rekorden er 34 kilo, ein fisk som vart lande etter ein 12 timars lang kamp.
 
Fangststatistikk viser at det er store svingingar frå år til år. Ein tendens at det vert fanga mindre storlaks enn før og at delen av laks som berre har vore ein vinter i sjøen aukar.

Før RSK-utbygginga (1967) låg gjennomsnittvekta på laksen som vart fanga i Suldalslågen mellom 7 og 10 kg. Gjennomsnittleg årsfangst av laks i perioden 1969-2014 var 506 (snittvekt 5,1 kg). I 2014 vart det fanga 1153 laks (snittvekt 5,4 kg), det nest beste resultatet som er registrert i denne perioden. Sidan 2009 har ein del av laksane vorte sett ut att i elva, i 2014 utgjorde det 25 % av registrert fangst.

Mengda laks som om sommaren og hausten passerer Sandsfossen på veg oppetter elva er eit resultat av kor mange ungfisk som har vekse opp i elva, og kor mange som har overlevd livet i fjorden og på havet. I elva skapar endra økologiske forhold grunna vasskraftutbygging og forsuring til problem (endring i temperatur, vassmengde, vegetasjon, ph, med meir). I sjøen er lakselus, fiske i fjorden og temperaturen i havet blant dei forholda som gjer at berre nokre få prosent av laksen kjem attende til Lågen.


Svingningane i laksestamma har menneskeskapte og naturlege årsaker. Høg del av smålaks kan tolkast som ein reguleringseffekt, men kan og skyldast at delen av storlaks varierer over tid som følgje av forholda i havet. Generelt reknar ein i dag rømt oppdrettsfisk og lakselus som dei mest alvorlege truslane mot laksen (Miljøstaus.no).

 

Oppdrettslaks i elva

I perioden 2000-2014 har det vorte analysert skjelprøvar frå fisket i Suldalslågen. Andelen rømt oppdrettslaks var heile 51% i 2008, men har sidan gått ned år for år. I 2012 var det
rekordlåge 8,1%. I 2014 auka andelen rømt laks til 12,3%, men dette er også klart lågare
enn i perioden før 2011.
 
Innslaget av rømt laks avtek klart oppover elva. I 2014 var det 24% rømt laks i skjelmaterialet
nedom Sandsfossen, medan tilsvarande tal mellom Sandsfossen og Juvet og ovanfor Juvet
var høvesvis 2,8 og 2,9%.
 
Av dei 539 sikre villaksane i skjelmaterialet var 207 naturleg rekruttert, 295 var utsett frå
klekkeri, og 42 var av usikkert opphav.
 

 

Nasjonalt laksevassdrag og laksefjord

Ordninga med nasjonale laksevassdrag og nasjonale laksefjordar blei vedteke av Stortinget i 2007. Suldalsvassdraget og Sandsfjorden er blant dei viktigaste områda i landet der laksebestandane skal gis eit særleg vern. 

 

Nedgong for sjøaure

 

Gjennomsnittleg årsfangst av sjøaure i perioden 1969-2009 var 377 (snittvekt 1,2 kg). Sjøaurefangstane har minka jamt sidan midt på 1980-talet, og frå 2010 har sjøauren vore freda. Etter det har all sjøaure som ikkje var for skadd, vorte sett ut att i elva. Nedgangen i sjøaurefangstane frå tidleg på 2000-talet har vore stort sett den same som i resten av fylket (Rådgivande biologar).

I tillegg til å vere ei lakselv, kan Suldalslågen bli ei betre sjøaureelv. Dette kan ein gjere ved å leggje forholda til rette for gyting og oppvekst i sidebekkane. 

 

Stor aure

I seinare år har ein fått auga opp for innlandsauren i Lågen. Det har blitt fiska aure på opptil 8 kilo, dels med svært høg kondisjonsfaktor. Det er lite truleg at det er stasjonær fisk som kan bli så stor i ei næringsfattig elv. Ein lurer difor på om dette kan vere sjøaure som blir ståande i elva og som etter kvart får typiske den brunaurefargen. Ein anna teori er at den beitar seg stor på smårøye i Suldalsvatnet delar av året, og at den legg ut på næringsvandring i Lågen om sommaren.

 

Kampen om laksen - eit historisk tilbakeblikk

Fiskeretten i Suldalslågen er truleg det privatrettslege objekt i Noreg som kan førast lengst tilbake i historia. Alt i rettsdokument frå 1295 finn vi bevis for dette. Og historia fortel om endelause rettssaker, strid mellom munkar og lokalbefolkninga, bønder som går berserk og rovfiske.
 
På 1800-talet var det vanleg at engelskmenn reiste omkring til norske lakseelver for å fiske med fluge. I 1883 kom Walter E. Archer til Suldalslågen. Her sikra han seg fiskeretten i Suldalsvassdraget frå Roalkvam  til Sand, og jamvel i Sandsfjorden heilt ut til Jelsa. No var det slutt på rovfiske med kjer og nøter. Dette var byrjinga på ei ny æra i Suldaslågen si historie.
 
Les meir i artiklane "
Kampen om laksen (PDF, 238 kB)" og "Lakselordane (PDF, 263 kB)" (frå Roaldkvam, R. 1994: Suldalslågen) 

 

Oppdatert informasjon

På nettsida til Suldal forvaltningslag kan du mellom anna:

- lese om vassdraget, fiske og oppdatert fangststatistikk
- sjå oppgang av laks i laksetrappa
- sjå vassføring og temperatur
- med meir

Statkraft har testa og overvaka ulik vassføring i Suldalslågen sidan 1990. I løpet av desse åra har Noregs mest omfattande vassdragsovervaking med fokus på laks blitt gjennomført. Statkraft har samla mykje kunnskap om dette på si nettside om elva.