Mykje og variert vilt
Etter viltlova skal viltet og leveområda forvaltast slik at naturen sin produktivitet og artsrikdom vert bevart. Det er innanfor denne ramma viltproduksjonen kan haustast til gode for landbruksnæring og friluftsliv. For å meistre denne forvaltningsoppgåva er det naudsynt med kunnskap om artane, leveområda, trusselbilete og bestandsutvikling.
Det er gjerne det jaktbare viltet som får størst merksemd. Innafor viltforvaltninga utgjer desse ein mindre del av artane då vilt er definert som alle viltlevande landpattedyr og fuglar, amfibier og krypdyr.
Frå skjergard til høgfjell kan Indre Ryfylke med Suldal by på rike og varierte viltopplevingar. I eit lite tjern svømmer den sjeldne store salamanderen, i skogen traskar elgen og på heio vandrar reinen.
Viltkartlegging og artskart
I Suldal er det gjennomført viltkartlegging. Hjortevilt, småvilt, rovfugl og raudlisteartar er vektlagd i kartlegginga. Dataene, som vert lagt inn i ein database, blir nytta som bakgrunnsinformasjon for arealplanlegginga i kommunen. Dei data som er offentlege finn ein bl a i Miljøstatus sin kartbaserte innsynsløysing.
Kartet viser kartlagte forekomstar av artar, både i plante og dyreriket, som har nasjonal forvaltningsinteresse.
Artar registrert i Suldal
Oversyn over alle artar registrert i Suldal, både planter og dyr, finn du hjå Artsdatabanken sitt Artskart. Gjennom nettsida Artsobservasjoner kan du og registrere egne feltdata.