Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Området er 66 daa og blei verna i 1984 for å ta vare på ein ask-almeskog med stor artsrikdom og innslag av sjeldne plantearter. Det blei registrert 111 arter i 1997, med fleire sjeldne og interessante arter, både lokalt, regionalt og nasjonalt.
Publisert 07.08.2019 13.12
Kartet viser naturreservatet. Du kan dra og zoome i kartet. Fleire karttema kan du finne ved å trykke på "Utforsk kart".
Generell omtale av naturreservatet (frå Naturbase 2015)
"Bratt S-helling. Ask-almeskog med lind, litt hengjebjørk og underskog av hassel. Feltsjiktet er frodig og artsrikt med junkerbregne, skjel- rot, breiflangre, mellomtrollurt og vårmarihand. I opningar finst tørrenger med kung, mørk kongslys og gulskolm, og strandbergsamfunn. Floraen er rik og samansett. Vårmarihand, grov nattfiol, mellomtrollurt, junkerbregne, fuglereir, breiflangre, skjelrot, myskemaure, fjellmarinøkkel og kung. Mange regionalt sjeldne artar. Feltsjiktet er flekkvis litt beitepåverka."
Meir om området og botaniske registreringar i området finn du her:
Frå vernereglane:
- Vegetasjonen er freda mot skade og øydelegging.
- Det er forbode å fjerna planter frå reservatet - nye planteareter må ikkje førast inn.
- Det må ikkje setjast i gong arbeid som kan endra dei naturlege vekstvilkåra.
- Gjødsling og bruk av kjemiske middel er ikkje tillatt
- Sanking av sopp og bær, bruk av skogen til beite og vedhogst er tillatt