Natur og kultur frå Gullingen til BlåsjøFrå Gullingen til Blåsjø finn du ein del tavler med informasjon om dyreliv, flora og kulturminne. Dei synleggjer nokre av skattane i Suldalsheiane. Aller best er det å oppleva og kikka på det som er omtala på tavlene ute i naturen. Likevel, no kan du i ro og fred lese informasjonsskilta her på Miljøstatus. Kanskje kan det inspirera til å gå ut å oppleva skattane seinare. Hugs då at du ikkje treng å ta heile løypa på ein gong, men heller ta deg tid til rusleturar i området. Du kan bruka bil, men me vil oppmoda til å nytta sykkel. Det er brei veg og lite trafikk innover. Publisert 24.01.2023 11.12 (PDF, 6 MB) Hovudtema på informasjonstavlene: 1. Neikjen: Gullingen-området. 2. Gullingen Fjellstove: Isen forma landskapet. 3. Ørekvamskårå: Fjellgarden Ørekvam 4. Sandsa-osen: Stølane ved Sandsavatnet. 5. Osaliane: Fjellveggen fortel historie 6. Osane: Spor etter breen. 7. Skipadalane: Fjellblomar. 8. Nedre Moen: Elvejuv, ras og ur. 9. Øvre Moen: Gamle ferdselsvegar. 10. Oddatjønn-dammen: Villrein. Last ned dokumentet. (PDF, 6 MB)