Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Kystsona

Suldal kommune har ei lang strandlinje, den tredje lengste i Rogaland. Dei indre fjordstroka er prega av bratte fjordlier og få tekniske inngrep. I midtre fjordstrok er terrenget meir småkupert, og det er meir busetnad, hytter og tekniske inngrep. I ytre fjordstrok ligg dei beste jordbruksområda, og terrenget slakar seg ut her og der. Nokre stader er strandsona slik at ein kan gå lengre strekningar langs stranda.

 

 

For å ha eit godt grunnlag for framtidig forvalting av kystsona, ikkje minst i lys av det store presset som har vore på strandsona når det gjeld hyttebygging, er det gjennomført ein kystsoneanalyse. Analysen presenterer faktaopplysningar om tilstanden i kystsona i Suldal i dag. Vidare skisserer ein avgrensingar og muligheter for vidare utvikling i denne sona, oppsummert i ei liste tilrådingar som du og kan lese under.

 

 

Konklusjonar og tilrådingar

  • Suldal kommune har ei lang strandlinje, den tredje lengste i Rogaland. Det generelt bratte terrenget gjer at berre mindre deler av kystlinja er eigna for utbygging.
  • Desse utbyggbare delane er i stor grad tekne i bruk, og privatisert i ulik grad.
  • Dei resterande delane med utbyggbar strandsone må forvaltast som ein ikkje fornybar ressurs, i eit langt tidsperspektiv, lenger enn kommuneplanperiodar.
  • Det er store almenne verdiar knytte til dei ikkje utbygde delane av kystsona. Mange av desse verdiane er samanfallande arealmessig. Det skal vera godt grunngjeve når ein tek i bruk nye ikkje utbygde område.
  • Den vidare forvaltinga av strandsona må skje gjennom kommuneplanlegginga. Kystsoneanalysen skal vera eit hjelpemiddel i denne forvaltinga.
  • Fortetting og mindre utviding av alt utbygde hytteområde bør prioriterast framfor å ta urørte område i bruk.
  • Anlegg for småbåtar bør samlast i fellesanlegg.
  • Næringsverksemd bør prioriterast framfor ordinær hyttebygging dersom nye område skal tas i bruk.
  • Nye utbyggingsområde bør ha høg utnytting, og det bør leggjast til rette for almenn ferdsel nær stranda.
  • All ny utbygging bør skje gjennom reguleringsplanar, ikkje spreidd bygging. Det må takast omsyn til klimaendringar og mulighet for stormflo og havstiging.
  • Ny utbygging bør skje med respekt for lokal kystkultur og byggeskikk.
  • Eigna kyststrekningar bør tilretteleggjast med kyststiar for allmenta.

 

Suldal kommune har:

- 1728 km2 areal fastland og øyer

- 4 km2 øyer i saltvatn

- 40 øyer

- 300 km kystlinje fastland og øyer

- 33 km kystlinje øyer


(SSB)