Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Verna og freda bygningar og miljø
Kulturminne frå nyare tid
Kulturminne frå nyare tid som er freda etter § 15 i kulturminnelova:
- Lølandsbua, Løland gnr.82 bnr.3. Einetasjes loft av tømmer med liggjande kledning, rosemalt. Bygd ca.1650.
- Litunet, Li gnr.18. Fleire bygningar, 12 - 15 i talet
- Eldhus på Sørstad gnr/bnr 26/2. Bu frå middelalderen, nå eldhus.
- Loft på Sørstad gnr/bnr 26/2
- Prestagarden på Jelsa med prestabustadhus, eldhus og borgstova
- Guggedalsloftet, Kolbeinstveit gnr.36 Les meir hjå Ryfylkemuseet
- Våningshuset på Kolbeinstveit gnr.36 Les meir hjå Ryfylkemuseet
- Loft på Øystad gnr.38
Verna som museum
- Husmannsplassen Røynevarden. Fleire hus og tufter (Røynevarslio). Les meir hjå Ryfylkemuseet.
- Kolbeinstveit gnr.36. Bygdamuseum, 16 bygningar i alt. Les meir hjå Ryfylkemuseet.
- Kvednahålo, kvednhusmiljø på Vasshus/Ritland. Les meir hjå Ryfylkemuseet.
- Stampa på Kvæstad gnr.2
- Hålandstunet med våningshus, målarbua, røykstova. gnr.167. Les meir hjå Ryfylkemuseet.
- Handelsmuseet i Finnvik gnr.176. Krambu, bustad og sjøhus.
- Erfjord bygdemuseum, Vik. 3 bygningar. 13 bygningar
Kyrkjer og kyrkjegardar
Alle kyrkjer og kyrkjegardar frå tida etter reformasjonen (1537) og fram til for 90-100 år sidan er underlagt særskilt vern etter nemnde lov, og skal forvaltast etter rundskriv T-3/2000. Dette inneber restriksjonar når det gjeld ombygging, riving, ny busetnad i nærleiken av kyrkjene og kyrkjegardane m.v.
- Jelsa kyrkje (1645-47)
- Sand kyrkje (1853)
- Suldalskyrkja, Vinjar (1854)
- Erfjord kyrkje (1877)
- Nesflaten kapell (1853)
Spesialområde
Område regulert til spesialområde for bevaring etter § 25.6 i plan- og bygningslova
- Jelsa strandstad
- Nordenden på Sand
- Kilen på Nesflaten
Område verna etter naturvernlova
I Suldal har me åtte verneområder verna etter Lov om naturvern. Seks er naturreservat som er den strengaste verneforma og to er større landskapsvernområde. I dei to landskapsvernområda, Kvanndalen og Dyraheio, er det fleire fornminne. Meir om dette finn du under "Førhistorisk tid" i venstre meny, og under "Naturområde" (Verna natur).