Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Vardar og hellere i Dyraheio
I uminnelege tider har det ferdast folk i området som i dag blir kalla Suldalsheia. Dei eldste spora etter steinalderjegarar finn vi ved Holmavatnet og dei er tidfest til omlag 3.000 år f.kr. Med tida har bruken av heia skifta mykje i innhald og omfang, men frå dei fleste tidsbolkar finn arkeologane spor etter folk som har hatt heia som ein viktig del av livberginga.
Publisert 24.01.2023 11.10
Ferdsla og bruk av heia har sett spor etter seg. Rekker med mosegrodde vardar og nødlingar strekker seg på kryss og tvers over snaufjellet, og nokre stader er slepene ennå synlege som djupe renner i morenejorda eller som ein strek av gult gras gjennom lyngen. Innunder steinar og framspring ligg eldgamle herberg og hellere med oppmurte steinveggar til ly for vind og væte. I jordbakkar er det grove inn og mura opp enkle jord og steinhytter, nokre av dei står ennå, mens andre forlengst har sige saman.
Ein grundigare omtale av desse kulturminna kan du lesa i rapporten nedanfor.