Garden Børkjenes i Hamrabø fekk tildelt Olavsrosa av Norsk Kulturarv i 2022
Skattkammeret Suldal/Lise Bjelland.
Satsing på kulturlandskap - Suldal utvalde kulturlandskap (UKL)
Ordninga med Utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL) vart etablert i 2009 gjennom eit samarbeid mellom landbruks-, og miljømyndigheitar, Riksantikvar og grunneigarar. Det var pr. 2022 49 område som er valde ut som Utvalde kulturlandskap nasjonalt. Suldal kommune fekk sin UKL- status i 2018.
Slike område er sentrale i kulturhistoria vår. Dei representerer kvar for seg og samla heilt unikt og svært verdifullt biologisk mangfald og kulturminne. Målet med satsinga er å sikre desse verdiane gjennom aktiv drift med istandsetting og skjøtsel av natur- og kulturverdiar.
Det utvalde kulturlandskapet i Suldal inkluderer grendene Hamrabø, Klungtveit og Mokleiv
Godt bevarte eldre tun og bygningar i liane opp frå Suldalsvatnet, med stølar i heiane ovanfor, viser oss hei-landskapet og fjellgardsmiljøa på Vestlandet. Drifta i Hamrabø er allsidig og dels svært ekstensiv med mjølkeproduksjon, sau, purker og smågris, kombinert med småkraftverk og turisme.
På Klungtveit og Mokleiv vert det nytta store område til sauebeite. Bratte bakkar er kultivert med murar, veiter, steingardar, stiar, trapper og rydningsrøyser gjennom lang tid. Slåande i dette landskapet er dei mangfaldige naturbeita, hagemarkene, slåtteengane og haustingsskogen som blir skjøtt etter tradisjonen. Dei fleire tusen haustingstrea – kydlestuvar - er særleg fulle av liv. Området byr på pilegrimsvandringar og gardsturisme, nasjonal turistvei Ryfylke og turstiar inn til Suldalsheiane.
Turkart for området
Svinstøl er eit knutepunkt i nettet av merka løyper. Her ligg det fleire stølar
Jarle lunde/SuldalFoto.no
Kleivo er ei av dei mange små høyløene i heia
Annlaug Fludal
Beitedyr på Klungtveit
Statsforvaltaren i Rogaland
Kart over Suldal utvalde kulturlandskap