Kulturminne og kulturlandskapSuldal har ein særleg rik kulturarv å forvalta i alle dei spora som finst att frå tidlegare tider. I høve til fylket totalt markerer kommunen seg ut med sitt høge tal registrerte kulturminne frå nyare tid, og skil seg ut både med særs mange og særs fine og velbevarte kulturminne, herunder fleire heilskaplege miljø. Sist endra 07.08.2019 13.21 Kulturminna våre representerer nasjonale verdiar. Dei synlege uttrykka for livsformer i eldre tider hjelper oss til å oppleva fortida, dei skaper forståing for samanhengen mellom generasjonane og forklarar vår eiga tid sitt levesett.Ny kulturminneplan i 2018"Kulturminneplan for Suldal" blei vedtatt i juni 2018. Forutan å vera eit oversyn over kulturminne og kulturarv i kommunen, skal planen også vera eit styringsdokument som kan nyttast i saker til administrativ og politisk behandling, t.d. i byggesaker, tiltak i landbruket og til prioritering av søknader om tilskot til å ta vare på kulturminne.Sjå planen her (PDF, 6 MB) Kart over arkeologiske kulturminneDin nettleser støtter ikke Iframe – <a data-cke-saved-href="https://miljoatlas.miljodirektoratet.no/MAKartWeb/iFrameSupport.htm?lang=no&extent=-11277|6610020|-3243|6613907&layers=149:100;&basemap=KART&opacity=100&saturation=100" href="https://miljoatlas.miljodirektoratet.no/MAKartWeb/iFrameSupport.htm?lang=no&extent=-11277|6610020|-3243|6613907&layers=149:100;&basemap=KART&opacity=100&saturation=100" target="_new"> Klikk her for å åpne interaktivt kart</a>Kartet viser registrerte arkeologiske kulturminne. Du kan dra og zoome i kartet. Trykk på symbol om du ønskjer meir informasjon om eit spesielt kulturminne. Kart over eldre bygningar (SEFRAK)Din nettleser støtter ikke Iframe – <a data-cke-saved-href="http://miljoatlas.miljodirektoratet.no/MAKartWeb/iFrameSupport.htm?lang=no&extent=3696|6616971|32595|6630574&layers=51:100;&basemap=KART&opacity=100&saturation=100" href="http://miljoatlas.miljodirektoratet.no/MAKartWeb/iFrameSupport.htm?lang=no&extent=3696|6616971|32595|6630574&layers=51:100;&basemap=KART&opacity=100&saturation=100" target="_new"> Klikk her for å åpne interaktivt kart</a>Kartet viser eldre bygningar (i hovudsak eldre enn år 1900) som er registrert som kulturminne i det såkalte SEFRAK-registeret. Du kan dra og zoome i kartet. Trykk på symbol om du ønskjer meir informasjon om eit spesielt kulturminne. Eldre dokument Verneverdige hus i Suldal. Ein rapport om registreringa av faste kulturminne i Suldal (1996). (PDF, 5 MB) Fagplan for skjøtsel av kulturminne i Suldal (2006) (DOC, 203 kB) Vedlegg til Fagplan for skjøtsel av kulturminne i Suldal (2006) (DOC, 165 kB)