Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Friluftsliv

Av Alf Odden

Da det moderne friluftslivet fekk fotfeste i Rogaland, var Dyraheio eit av dei første områda som vart teke i bruk. 

Alt på 1890-talet er to av friluftslivets to pionergrupper i full verksemd i Dyraheio. Utanlandske jegerar og fiskarar fant vegen til området om lag på same tida, og den engelske lakselorden Waldo Sibthorpe fekk sett opp hytter i sine jaktmarker rundt Steinkilen og Breiavad. Nå hadde sjølvsagt suldølen til alle tider brukt Dyraheio som ferdsleveg, sauebeite og jaktområde som ein del av den daglege livberginga i det gamle landbrukssamfunnet, men nå fekk dei selskap i høgheia av menneskje med heilt andre motiv.

 

Turistforeninga i heio

Snart tok større grupper med byfolk Dyraheio i bruk til ferie og fritid. I løpet av 1920-talet utvida derfor Stavanger turistforening verksemda i området, og etablerte turisthyttar på Mostøl og i Stranddalen og merka turistløyter mellom dei. Vinterfriluftslivet kom noko, men på 1920 og 1930-talet fekk store befolkningsgrupper i byane påskeferie, og utleige av stølane i Dyraheio til påsketuristane blei vanleg.
I dag har Stavanger turistforening framleis ei omfattande verksemd i Dyraheio. Dei har eit godt utbygd rutenett og i tillegg til den betjente hytta i Stranddalen, er det sjølvbetjeningshytter ved Krossvatn, Bleskestadmoen og Jonstøl. 

 

 

 

Suldal statsallmenning

Suldal statsallmenning ligg i Dyraheio og er på 92 000 da. Her disponerer Suldal fjellstyre fire hytter. Ei på Grjotdalsnesset, ei ved Breiavad og to i Steinkilen. Desse hyttene står opne og nyttast særleg i samband med jakt og fiske. Område har mange gode fiskevatn, og kvar haust blir det jakta både rype og villrein.

 

Brukerane  

Kor mange som brukar Dyraheio i samband med friluftsliv har ein ikkje sikre tal på, men i 2010 var det registrert 3100 overnattingar på turisthyttene og 300 overnattingar på fjellstyrehyttene. I tillegg kjem mange som nyttar Dyraheio til dagsturar. Toppar som Såta og Snønuten er godt besøkt både sommar og vinter, og mange tek turen inn til Strandalen for å sjå på det rike plantelivet eller for å få seg ein komlemiddag. Bruken av Dyraheio er klart størst om sommaren. Dersom ein skal tru på overnattingsstatistikken, skjer så mykje som 85% av bruken i sommarhalvåret.