Turmål og turstiarLang og bratt topptur, rusletur i stølstrakter eller ein kort tur i nærområda. I Suldal er det eit godt utbygd turløypenett, uansett form og alder finn du ein tur som passar! Publisert 02.08.2018 12.49 Sist endra 16.06.2023 09.53 Turkart Mange turstiar i nærområda til tettstadene er merka og lagde til rette. Det er utarbeidd kart med utfyllande tekst til kvart område. Karta finn du som utskriftsvennlege lenker nedanfor. Du kan og få dei ved å venda deg til kommunen eller turistkontoret. Fleire lokale butikkar har dei også. Turstiar i Erfjord (PDF, 3 MB) (ny 2021) Turstiar i Vanvik (PDF, 4 MB) (ny 2021) Turstiar på Gullingen (PDF, 4 MB) (ny 2021) Turstiar på Ropeidhalvøya (PDF, 6 MB) (ny 2021) Turstiar på Suldalsosen (PDF, 5 MB) (ny 2022) Turstiar på Jelsa (PDF, 4 MB) (ny 2021) Turstiar på Sand (PDF, 3 MB) (ny 2021) Turstiar på Nesflaten (PDF, 9 MB) (ny 2020) Kartoversikt over alle dei merka stiane Utvalde kulturlandskap (UKL) Grendene Hamrabø, Klungtveit og Mokleiv har nasjonal status som utvalde kulturlandskap fordi det er eit særprega kulturlandskap. I områda er det merka stiar som er brukt gjennom generasjonar, frå garden opp til støls og mellom dei mange stølane. Turkart Hamrabøheia - Natur og livsgrunnlag (PDF, 4 MB) Turkart Børkjenes - Hamrabø, Suldal (PDF, 636 kB) Les meir om UKL Suldal. Pilegrimsveg Frå Suldal til Røldal går det ein gamal pilegrimsveg. Vegen er skilta frå Engjaland og over til Botnen. Pilgrimsveg Suldal - Røldal (PDF, 193 kB) Nutfant/Turfant/Skogstrim I fleire av bygdene kan du bli Nutfant/Turfant/Skogstrimmar ved å gå til nokre av dei lokale turmåla og skrive namnet inn i ei lita bok. Idrettslag og grender har ulike varianter. Andre turforslag på UT.NO På Norges beste turteneste, Ut.no, finn du ei rekke turforslag frå alle delar av kommunen. Turforslag i Suldal kommune og nærliggande område (Ut.no) Sjå og: Turistforeninga sitt tilbod Tur og skiorientering