Skiløyper og tilbod ved Gullingen/Mosvatnet
Ski og lysløyper
I Mosvatnområdet ved Gullingen blir det preparert skiløyper frå snøen kjem og så lenge tilhøva ligg til rette for det. Dette er løyper for skøyting, klassisk og kvista løyper. Det er to lysløyper, ei ved Mosvatnet og ei i Fjellbergskardet.
Terrenget rundt Gullingen ligg mellom 500 og 1300 meter over havet og har lang vintersesong med gode snøforhold. Nærare opplysningar om oppkjøyrde skiløyper og snøtilhøve finn du her:
Skileik
For å fremje skiglede og allsidig dugleik på ski satsar Gullingen leirskule på skileik. Saman med Gull-Spor AS preparer leirskulen nær sagt kvar vinterveke skileikeområde ved Gullingen Turissenter. 100 meter frå skileikområdet ligg den flotte Bålstova. Leirskulen bruker huset i undervisninga, men huset er òg ope for ålmenta. Det blir og laga skileikeområde i Breiastølsdalen, særleg i tilknytning til vinter og påskeferie.
Gullingen skisenter
Gullingen skisenter ligg 800 meter forbi Gullingen Turistsenter. Her finn du eit trekk med 3 nedfartar, varmestue der du kan få deg litt mat. Meir informasjon:
Andre område med preparerte løyper
I Hamrabø, på Kleivane (530 moh), er det ei rundløype på 3 km. Den blir kjørt opp med løypemaskin for både klassisk og skøyting. Informasjon om løypa blir fortløpande lagt ut på Facebook.
På Nesflaten (Øvrabø) og i Kjetilstadlia er det lysløyper.