BåtlivFjordane ligg og ventar på deg som søkjer naturopplevingar knytt til sjøen. Her kan du få alle dei vanlege fiskane på kroken, eller du kan ta deg ein dukkert. Publisert 17.09.2020 09.19 Fjordane i Suldal har mykje å by på for deg som er båtfrelst! Du kan velje mellom småøyar og vikar ytst i fjordane våre, og steile og bratte fjordar lengst inne i kommunen. Båthamner På vegen rundt i Suldal kan du gjere strandhogg i ei av båthamnene. Desse finn du på Sand, Marvik, Vatlandsvåg, Jelsa, Erøy og Hålandsosen. Dei er nærara omtalt under eige menypunkt på nettsidene til Suldal turistkontor. Båtliv i Suldal (Suldal Turistkontor) Uthamner og badeplassar Du finn og uthamner tilrettelagt for båtliv. På vegen rundt i Suldal kan du gjere strandhogg i ei av dei mange uthamnene, m.a. Sjubbeholsvågen i Vatlandsvåg, Skaholmen/Berge og Barkeneset i Økstrafjorden. Desse stadene er mykje nytta om sommaren. Det er og tilrettelagt fleire badeplassar. Les meir hjå Ryfylke friluftsråd. Friluftsområder i Suldal (Ryfylke Friluftsråd) Segla med Brødrene? Lyst å segla med ei skute frå 1800-talet? Det er det moglegheiter til om du blir med "Brødrene af Sand". Les meir hjå Venneforeninga. Brødrene af Sand