Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Friluftsliv

Med sin storleik og variasjon gir Suldal gode vilkår for utøving av ulike friluftslivaktivitetar. I nærområda finn me turløyper, fjordane innbyr til båtliv og i heia går jegeren, for å nemna noko. Skal du nytta alle moglegheitane i Suldal har du mange fine år foran deg, og flotte opplevingar. 

Anne Lise Norheim/Skattkammeret Suldal

Tilrettelegging er viktig

Utøving av friluftsliv er helsefremjande og gir for mange auka livskvalitet. Gode naturopplevingar gir og forståing for å ta vare på den ressursen naturen er. Det er difor viktig å fremje friluftsliv som ein aktivitet for alle.

I Suldal er det eit breitt spekter av friluftslivutøving. Graden av tilrettelegging er ulik, og slik må det og vere. Nokre aktivitetar/brukargrupper treng tynge tilretteleggingstiltak, mens dei som ønskjer einsemd, ro og stillhet, har trong for store samanhengande område utan tekniske inngrep og tilretteleggingstiltak.

Tilrettelegging har to mål. Det eine er å minska dei fysiske barrierane for friluftsliv og dermed leggja til rette for auka aktivitet. Dette gjeld mellom anna for barnefamiliar, eldre og funksjonshemma. Det andre målet er å hindra at friluftslivsaktivitet fører til unødig slitasje og uroing på plante- og dyreliv. Ved å samla ferdsel til bestemte område, kan ein hindre negativ effekt på andre og meir sårbare areal.
 
Både kommune, skule og ikkje minst frivillige organisasjonar gjennomfører eit viktig arbeid for å stimulera folk til å driva eit miljøvennleg friluftsliv. Ressursar vert nytta på informasjon, tilrettelegging og aktivitetar. For skulen er det laga ein utstyrsentral som skal gjere det mogleg å dra på overnattingstur med klassen.

 


Ryfylke Friluftsråd

Suldal kommune er medlem i Ryfylke friluftsråd. Dette er eit interkommunalt samarbeidsorgan som i samarbeid med fylkesfriluftsnemnda, kommunar og andre interesserte virke for:

  • Sikring, tilrettelegging og drift av område for friluftsliv av forskjellige slag til allment bruk
  • Større forståing for friluftsområda som viktige, betre friluftskultur og utbreiing av friluftsliv.  

 

Friluftsliv blir sikra i arealplanar

For å sikre friluftslivet gode kår er det naudsynt at nytta område vert skåna for ulike negative faktorar. Store og små turområde, nærmiljø, leikeområde og andre kvalitetsområde er viktige. Slike arealdisponeringar skjer gjennom kommunen sine arealplanar.